Tanker/Sex/Vin
Skrevet av Anna Kleiva   
onsdag 11. november 2009 08:17

Trude Marstein sin forrige roman, «Gjøre godt», vart nyleg lansert i Sverige. Nina Björk skreiv at boka gjorde henne «godare, mer empatisk, öppen, icke-dömande». Marstein sin nye roman, «Ingenting å angre på», oppmuntrar også til ei ikkje-dømmande holdning, fordi den viser korleis situasjonar ser ut frå vidt forskjellige stadar, og flyttar lesaren sin sympati mellom desse. Ein kan ikkje enkelt avskrive ei handling eller ein person som «god» eller «vond». Men der «Gjøre godt» var ein roman som, gjennom sine suggererande perspektivskifte, gjorde lesaren smått rusa av leselyst, er «Ingenting å angre på» faktisk ei av dei meir deprimerande bøkene eg har lese på ei stund.

Deprimerande sjølvsagt ikkje fordi boka er dårleg – det ville overraska meg stort om Marstein hadde skrive ei dårleg bok. Setningane hennar, for å nemne éin ting, er alltid gode; enkle og rytmiske. Faktisk kan det sjå ut som om rytmen, meir enn kva som blir sagt, bestemmer variasjonen mellom komma og punktum. Det deprimerande er derimot det som går føre seg mellom karakterane. Og kjensla av at karakterane er oss. Det er ikkje slik at ekteparet Vegard og Heidi er eit spesielt ulukkeleg par. Tvert imot er dei veldig glad i kvarandre, og veldig glad i dei tre døtrene sine, og kunne i grunnen ikkje tenkje seg ein annan partnar. Det er likevel ikkje nok. Heidi er likevel utru, Vegard synes det er eit pes å vere åleine på hytta med døtrene éi natt.

Romanen går føre seg over tre helgedagar i juni, vi følgjer tankane til vekselvis Vegard og Heidi. Medan Vegard reiser på hytta med døtrene, lyg Heidi på seg å ikkje vere ferdig med eit rekneskap, og reiser for å møte elskaren Mikkel. Vegard drikk god vin og tenkjer på Heidi eller døtrene. Heidi har sex med ein annan og tenkjer på Vegard eller døtrene. Desse tankerørslene viser fram kompleksiteten i tiltrekninga, og ikkje-tiltrekninga, mellom Heidi og Vegard, Heidi og Mikkel. Men over 357 sider kan det også av og til kjennest som ei form som stivnar. Når sexscenene mellom Heidi og Mikkel nesten alltid blir iblanda Heidi sine tankar omkring familien, forsvinn den gode effekten. Effekten blir i staden litt oppbrukt eller overtydeleg.

Ein annan type gjentaking, som har ein mykje betre effekt, er den der tankane til Vegard og Heidi overlappar kvarandre. På kvar sin kant streifar dei innom dei same små temaene, som om tankane deira, etter fjorten års samliv, alltid vil krysse same baner. Ekteparet er eigentleg så samkøyrde og einige, tenkjer lesaren, og det gjer utruskapen enda meir deprimerande. Det er også deprimerande med den nyforelska pludringa til Heidi og Mikkel; å lese at Heidi elskar Vegard, men at ho er mykje meir lykkeleg med Mikkel. (Eg har notert sleivete: «Til helvete med parfoholdet, må ein ha éin person for parenthood og éin for sex?») Eller kan eit slikt sidesprang vere, nettopp, eit sidesprang? Kan Heidi vende attende til Vegard etterpå, og få eit betre forhold til han, slik at utruskapen er «ingenting å angre på»? Det kjennest ikkje som om boka gir eit klart svar, og det er i grunnen fint.

Marstein sin stil er ikkje «svarande». Han er heller drøftande, noko som blir understreka i sjølve forma (to forteljarar). Men karakterane i boka forheld seg i høgste grad til svar, reglar og roller. Foreldrerollene – kva er ei god mor, ein god far, kva er forskjellen på mor og far – opptek Heidi og Vegard. Dei måler andre folk opp mot desse rollene. Og dei kler seg i rollene sjølv, med eller utan entusiasme. «[J]eg tar hele pakka, dette gleder jeg meg til», tenkjer Heidi. Med «pakka» meiner ho familien. «Pakka» er også ein viktig faktor i forholdet mellom Heidi og Mikkel; dei nærmast stadfestar kvarandre som gode menneske ved å meine at den andre fyller foreldrerolla si. Som her, i ei sexscene: «Jeg liker å tenke på deg som far, hvisker jeg. (...) Jeg tror du er en veldig god far, hvisker jeg.»

Å følgje «Gjøre godt» sine 118 personar i realtime var for meg meir spennande enn å følgje «Ingenting å angre på» sine to. Men sjølv om boka kanskje er vel lang, er ho god! Og om ein blir for deppa, kan ein gle seg over kor utruleg godt Marstein skildrar irriterande småbarn.

 
Banner

copyright © 2004 - 2009: Fett